Stryn kommune.
| Stryn kommune utgjer den nordvestlege delen
av "Sørområde", i Ottadalen villreinområde. Gjennom område går fleire markerte
dalføre. Sunndalen, over Kamperhamrane mot Raudalen. Videdalen over Tystigen mot
Grotli. Grasdalen, mot Djupvassreset. Skjeringsdalen, over Flydalsreset mot
Geiranger. I eldre tider vart det drive utstrakt fangst av villrein i desse
traktene. Både fangstgraver i Grasdalen, og namn som Fosseløyfta og
Jørungsløyfta vitnar om både løyfting (posteringsjakt), og dyregraver vart
nytta. Den delen av Stryn kommune som er med i Ottadalen villreinområde, er ei
blanding av statsallmenning og privat sameige. Jostedalsbreen Nasjonalpark
strekkjer seg inn i villreinområdet. |
|
|
|
Frodige beite, svalande snøbrear, og kanskje utfordringar i naturen gjer område attraktivt for både rein og jegerar. Her har Torstein Berge frå Oppstryn felt ei simle ved Oppljosvatnet. |