Ottadalen Villreinområde.

Ottadalen Villreinområde ligg innan dei vestlegaste delane av Gudbrandsdalen og tilstøytande fjellstroka vest for vasskiljet. I grove trekk blir område avgrensa av elvane Gudbrandsdalslågen og Rauma (N), Trollstigvegen - Ørnevegen - Videseter - Jostedalsvegen (V), Jostedalen - Nørstedalen - Lom grense - Ottavatnet (S), og Vågåmo. Jaktmessig er Ottadalen Villreinområde delt i to einheitar av Ottavassdraget, som dannar ein aust-vest akse mellom Vågåmo og Geirangerfjellet. Ottadalen Nord omfattar store delar av kommunane Skjå, Lom, Vågå, Dovre, og Lesja (Oppland), samt Rauma, Norddal og Stranda (Møre og Romsdal). Ottadalen Sør omfattar resten av Skjåk kommune, samt deler av Luster og Stryn. Ottadalen Nord omfattar eit areal på 3.246.600 da. Ottadalen Sør eit areal på 1.510.000 da. Totalt heile Ottadalen Villreinområde 4.756.600 da. 

 

Villreinområde som fekk namnet Ottadalen Villreinområde, er eit fjellområde som har villrein som det har blitt jakta på og fangst av i uminnelege tider. Det har også i periodar vore drive tamreinsdrift, med meir eller mindre hell. Ein stor del av befolkninga som budde i fjellbygdene rundt dette område, hadde nok villreinen som eit av grunnlaga for å skaffe mat til seg og sine. Går ein tilbake ca.100 år, var det på den tida mange som budde på husmannsplassar, og det var svært ofte namn på slike husmenn som går igjen med historier om jegerbragdar og gode jakthistorier. Frå ca. 1930 og utover forsvann i hovudsak villreinen i dette område, i første rekkje skuldast det ei utstrakt tamreinsdrift, det siste tamreinslaget A/L Trio tamreinslag vart avvikla, og siste nedslaktinga var i 1964. Etter det klarte ein å organisere grunneigarinteressene slik at ein i heile område fekk eit samanhengande villreinområde. Den enkeltperson som la ned mest arbeid i dette problematiske arbeidet, var Øystein Mølmen frå Lesja. 

Fyrste året det vart opna for jakt var i 1967 og sidan har Ottadalen Villreinområde vore eit av dei beste organiserte villreinområda i landet. Med bruk av jaktavtaler og overgangsordningar har ein oppnådd høg fellingsprosent og god forvaltning, av den resurs som villreinen representerer.

Sist oppdatert: 12.08.2010